Kvernhusdalen

Kvernhus i Kvernhusdalen
Kvernhus i Kvernhusdalen
Denne vesle elva heiter Ulva. Alle dei 7 kvernhusa som opprinneleg stod her er restaurerte og oppattbygde. Det er få stader ein finn så mange kvernhus lokaliserte så nær einannan. Ein veit at det var 3 kvernar her i 1661. Dei andre vart oppførte seinare. Ulva kjem frå eit vatn som vart oppdemt når det nærma seg tid for maling. Så vart vatnet sleppt fritt ned gjennom elva for å gje nok kraft til å drive kvernkallane som dreiv den øvre kvernsteinen rundt medan den nedre låg i ro.
Under 2. verdskrigen vart kvernane nekta brukt av den tyske okkupasjonsmakta, og forsegla av lensmannen, men bøndene braut segla og mol kornet sitt i mørke haustkveldar.

I gammal tid knytte det seg mykje overtru til kvernhusa. Ein trudde at nykken heldt til vatnet, i fossen eller kvernhusdammen. Mange unge menn ville gjerne lære seg å spele av han. Dei tykte dei høyrde tonane frå fela til nykken i fosseduren.

Kvernhusdalen er ein del av kulturløypa på Ulvedal.

Korn
Korn er hovudnæringsmiddelet for dei fleste folkeslag. Alt i den yngre steinalderen (4000 - 1800 år f Kr.) var korn brukt som næringsmiddel i Noreg. Så langt tilbake som opplysningane når, har det vore ført inn korn til landet. Men transportvegane var lange og vanskelege, difor var korn av eigen avl viktig. Å eige åkrar der korn voks godt og som var sikre mot frost var umåteleg verdfullt.

For at kornet skulle verte fullverdig som mat, måtte det knusast eller malast. Først var knusing einaste måten, så kom handkverna som så var avløyst av kvernar drivne med vasskraft.

Kvernhusdalen © Oddvin AlmenningKvernane i Kvernhusdalen
Ved elva Ulva, som kjem frå Ulvedalsdemma, voks det fram eit kvernhusmiljø. Alle bøndene på Ulvedal og mange av bøndene på Roset bygde kvernar her, då denne elva gav god og stabil vassføring, på grunn av det store vassmagasinet i Ulvedalsdemma.

I alt stod det 7 kvernhus her. 6 av desse er no restaurerte, og det er planlagt å byggje oppatt eit eldre kvernhus på staden der det 7. huset stod, slik at ein gjenskaper heile det gamle miljøet. Eitt av kvernhusa inneheld to kvernar. Dette er nokså uvanleg på våre kantar. Det er også få stader ein finn så mange kvernhus lokaliserte så nær einannan.

Korleis fungerer ei kvern?
Vatn vert samla i kvernhusdammen og ført i sloket (renna) som smalnar i nedste delen og styrer vatnet med stor kraft inn på kallefjørene som er felte inn i ein stokk (kallen), rundt heile stokken i nedste enden. Kallen er oppsett loddrett og står festa i eit enkelt lager nede. Oppe går kallen gjennom eit hol midt i ein sirkelforma kvernstein. Denne steinen, understeinen, ligg fast. Øvste delen av kallen er så festa til oversteinen, også ein rund kvernstein, som ligg oppå understeinen.

Når vatnet treff kallefjørene med stor kraft, vil kvernkallen rotere. Når oversteinen er med og roterer, og understeinen ligg fast, vil kornet som vert ført inn mellom steinane, verte knust og male til mjøl.

Kulturdagen 2001: Kvernhusdalen © Oddvin AlmenningKvernsteinane
Dei fleste kvernsteinane som var brukte her i landet før, var som regel laga av norsk naturstein. Seinare har det vorte laga eller støypt kvernsteinar.

Det måtte brukast stein av eit spesielt fjellslag til kvernsteinar. Både i Vågå, Selbu og i Hyllestad har dei fjell som høver til dette, og der har det vorte laga kvernsteinar som har vorte selde til område der dei mangla brukande fjellslag til slik produksjon. I kvernsteinar finn ein oftast glimmerskifer med "tyter" eller granatkorn. Den mjuke glimmerskiferen vart lett sliten bort, og dei harde granat-tytene skapte den ru overflata på steinane som gjorde at steinane kunne male kornet.

Vart ei kvern sliten og steinane glatte og mol dårleg, kunne dei sandmale kverna. Sanden som dei brukte, sleit vekk den mjuke delen av steinen og tytene kom fram att. Slik fekk kverna att evna til å male.

Bruken av kvernane
Kvernkallen er truleg oppfunnen i Vesle-Asia fleire hundre år f.Kr., og kom til Noreg sikkert før år 1000. l 1919 var det 8000 kvernkallar i bruk her i landet, dei fleste som småkvernar slik som desse i Kvernhusdalen. Det fanst ein del møller med fleire kallkverner i kvar av dei.

Ein veit at det var 3 kvernar her på Ulvedal i 1661, og at det vart fleire seinare. Desse kvernane var i bruk fram til siste verdskrigen (1940-45). l krigsåra vart også kvernane brukte, men då vart det meste male illegalt, då okkupasjonsmakta kravde at alt som skulle malast på kvernar/møller som dei sjølve godkjende og kontrollerte.

Kvernane kunne brukast berre når vassføringa var stor nok, til vanleg ein periode om våren, under snøsmeltinga, og ein periode om hausten.

Overtru - Fossegrimen el. Nykkjen
I gammal tid knytte det seg mykje overtru til kvernhusa. Det er ikkje rart at mange av dei som var i kvernhusa i mørke haustkveldar når elva gjekk stor og fossande, kunne oppfatte det slik at dei både såg og høyrde underlege ting. Det var i vatnet, i fossen eller kvernhusdammen at nykkjen heldt til, trudde dei. Han skulle vere flink til å spele fele, og mange unge menn ville gjeme lære seg å spele av han. Dei tykte dei høyrde tonane frå fela til nykkjen i fosseduren.

Flere bilder