Hennebygda

Ca 10 km austover frå Lote, ligg den usjenerte og fredelige Hennebygda. Med sine godt og vel 60 fasbuande er Hennebygda ei bygd i vekst. Folketalet doblar seg om sommaren, og "Hennjane" har vore ein populær "ferieplass" i 4000 år. Funn av gamle hustufter tyder på at menneske budde her berre deler av året. Det er fleire helleristningsfelt i bygda, og det er registrert mange gravfunn.

Notidsfolket trivst og samhandlar godt. Bortsett frå landbruk og alternativ behandling er det ikkje næringsverksemd i bygda. På fritida driv folk med sjø- og båtliv, hest, jakt og friluftsliv. På kulturfronten finn du spel- og dansarlag, revy og andre sosiale samkomer som gjer trivselsfaktoren høg.

Mykje av dette skjer på samfunnshuset som bygdafolket utviklar og vedlikeheld på dugnad. Stadig fleire leiger desse lokala ved fjorden for bryllaup, konfirmasjonar pg blåturar. Ein fest i "Hennjane" blir ikkje så lett gløymd!

Flytte hit?
Klikk her for å finne ledige tomter eller hus for sal eller utleige.