Randabygda/Hopland

Randabygda
Randabygda og Hopland ligg brattlendt til med ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

Randabygda er på sitt vakraste når epletrea blømer og når den bratte vegen ned til kaia er kanta av gule løvetannenger.

Du kan gå tørrskodd under den mektige Tvinnefossen, og beundre Nordfjorden gjennom fossegyvet.

Frå utsiktspunkta på Nos og Kvalen får du ei fantastisk utsikt over Nordfjorden og bygdene Randabygda og Hopland.

Flytte hit?
Klikk her for å finne ledige tomter eller hus for sal eller utleige.