Opplevingar

Helleristningar i Hennebygda
Under eit stabbur på Ytre Henden er det hogd inn ei helleristning av eit skip med mannskap i svaberget. Truleg er det fleire bilete under stabburet. Dette store skipet er det einaste hittil kjente av helleristningane frå Hennebygda som er frå bronsealderen. Dei to andre kjende helleristningsfelta i bygda er frå jernalderen (500 f.Kr. - 550).

Skipet på Henden er eit døme på den vidstrakte kontakten det må ha vore mellom ulike busetnadssenter for over 3000 år sidan. Ein finn same symbol også på helleristningsfelta på flatbygdene i Østfold, i Trøndelag og på øyane utanfor Stavanger. Sannsynlegvis er bileta hogd eller malt som ledd i ein årviss kult, der folk frå bestemte område søkte saman til visse tider for å sikre grøde og gode avlingar.

Skipsfiguren viser at det budde folk i Hennebygda i bronsealderen og at sentrum for grøderiksskulten har vore svaberga i strandkanten. Helleristningane viser også at det har vore ferdsel til og frå med båtar. Arkeologane meiner at det høgst sannsynleg vil bli funne liknande helleristningar langs Gloppefjorden. Hendenskipet kan minne om båtane frå feltet på Husevågøy i Vågsøy. (Kjelde: www.nordfjordhistorie.no)