Opplevingar

Vetestova
Her vakta bøndene i bygda veten i fleire hundre år. Stova har truleg stått som no i omlag 1000 år. Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte, og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover i landet. Les meir

Kulturløypa på Ulvedal
På Ulvedal finn du ei kulturløype der du kan gå på eiga hand, og oppleve historia i notida. Les meir

Sagedammen
Sagedammen er ofte brukt som utgongspunkt for Kulturløypa på Ulvedal. Rundt Sagedammen ligg 2 gamle sagbruk og eit overvasshjul. Sagedammen var i tidlegare tider oppdemt med trestokkar og brukt til vassreservoar til overvasshjulet. Det er også lagt til rette med stiar og bruer så området skal vere godt å ferdast i. Det er også lagt til rette for bading og fisking. Les meir

Kulturdag
Ein gang i året vert det arrangert kultur dag ved Sagedammen på Ulvedal. Dei første åra brukte ein heile kulturløypa under arrangementet medan ein dei siste åra har konsentrert aktiviteten rundt Sagedammen. Tema for kultur dag en varierer frå år til år, men aktivitet år spesielt for born har alltid stått sentralt.
Kulturdagen 2001
Kulturdagen 2005
Kulturdagen 2010
Kulturdagen 2008

Årringar
I 2014 var det premiere på musikalen Årringar ved Sagedammen. Forfattar Torstein Tvinnereim tok utgangspunkt i miljøet på Ulvedal og historier om folk fra området, til ulike tider, og laga eit spel der flere av desse perainane møtest. Komponist og dirigent Jon Are Steen laga tonefølgje til tekstane og arrangerte musikken for både kor og orkester. Lokale krefter stilte på med dugnad og over 50 personar var aktive på scena under musikalen. Skodespelarar, kor, orkester og dansarar. 1150 personar såg dei to forestillingane i 2014.
Bilder frå Årringar 2014.
I 2015 vart musikalen sett opp på nytt med stort sett dei same personane i rollene på scena. Gjeterguten, dansarane og nokre av vaskejentene var bytta ut og koret hadde blitt nesten dobbelt så stort. Midt i ein regnfull sommar opplevde vi to kveldar med fint spelever ved Sagedammen. 1100 personar såg dei to forestillingane dette året. Vi veit ikkje når det blir Årringar igjen ved Sagedammen, men vi veit for sikkert at det ikkje blir i 2016.
Bilder frå Årringar 2015