• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Kompakt og godt anlegg i Bjørkelibakkane

Vellukka World Cup arrangement

Av www.fjordingen.no

- Bjørkelibakkane er eit flott og kompakt anlegg for kombinert. Ingen tvil om det er ein stor fordel at både hopp- og langrennsdelen no kan arrangerast på same arenaområde i ei slik World Cup-tevling. Arrangementskonsulent Per Ove Pedersen er full av lovord om den komplette kombinertarenaen i tilknyting til Bjørkelibakkane.
Det er arrangementskonsulent Per Ove Pedersen i Norges Skiforbund som seier dette til Fjordingen.
- Kombinertkomitéen i skiforbundet er oppteken av å finne anlegg der hopp- og langrennsarenaene ligg nær kvarandre. Det har IL Veten i høgste grad lukkast med her, seier Pedersen som rosar arrangørlaget for eit godt gjennomført arrangement under krevjande verforhold.

Gode løyper
At langrennsløpyene held mål, vert i høgste grad stadfesta av Mikko Kokslien (22), ein av verdas aller beste langrennsløparane innan kombinert. Flotte trasear som set krav til løparane er slik det skal vere når det dreiar seg om internasjonale konkurransar.

-Kjempefin løype, seier Kokslien, som vann eine sprintrennet i Bjørkelibakkane. Sigrane gjekk elles til ein annan lovande nordmann, Einar Uvsløkk, og austerrikaren David Zauner.

(Kjelde: Fjordingen.no 11.februar 2007)
(Sist oppdatert 12.mars 2007, 23:35)

Gå til nyhendearkiv