• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Innlevering av elektriske artiklar på Nordsida skule

Hjelp Nordsida skule i miljøkonkurransen!

Av Ottar Ulvedal

No har vi den store sjansen! Det er utlyst konkurranse i innsamling av elektriske artiklar. Skulen og barnehagen vil motta store premiar dersom dei kjem på 1., 2, el. 3. plass. (3. premie har ein verdi på ca. 10.000,- kr). Dette vil kome ungane til gode.
Her gjeld det å reagere !

Kva kan leverast?
Kjøleskåp, frysarar, komfyrar, kjøkkenmaskiner, datautstyr, TV-apparat, radioar, stereoanlegg, vifter, lampar, elektrisk-motorar, strykejarn, mobiltelefonar ...... Kort sagt alt elektrisk utstyr.
Det er tal kg som tel. Kanskje landbruket har noko tungt elektrisk utstyr som er kaputt ?

Kvar skal det leverast?
Vi har fått lov av grunneigaren å lagre det på ein vegstubb eit par hundre meter utanfor parkeringsplassen til Sagedammen (”Skitnemyrsvingen”) Der set vi ut nokre pallar. Set utstyret oppå dei. Småting kan leggast oppi t.d. frysarar.

Kva tid ?
Vi har kort tid på oss. Du kan levere det i tida frå 18. mai – ca. 1. juni (Det vert truleg henta 3. el. 4. juni)

Greier vi å tøme bygdene våre for alt elektrisk skrot, ja, då kan vi vinne! I tillegg blir det ryddigare heime, - og vi gjer ein innsats for betre miljø.

SNAKK MED ANDRE DU KJENNER: NABOAR OG FOLK UTANFOR BYGDA. VI TEK MOT FRÅ KVEN SOM HELST.
(Men vi har dessverre ikkje kapasitet til å reise rundt og hente ting.)

Med helsing Nordsida skule og barnehage.
(Sist oppdatert 19.mai 2007, 13:07)

Gå til nyhendearkiv