• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Kulturdagen på Ulvedal 8.juli

Bli med inn i historia!

Køyr Panoramavegen (rv 613) og opplev eit levande museum! På Ulvedal får du oppleve ekte kultur gjennom demonstrasjon av gamle handverkstradisjonar, opning av smie med meir. Det blir rømegraut og nysteikte vafler, gruesteikte brød og andre gode varer. I natur-amfiet ”Lunden” møter vi Jakob frå 1563 i eit historisk rollespel om den 450 år gamle ættegarden Ulvedal.
Det blir lett historisk kåseri, rømegraut og nysteikte vafler, gruesteikte brød og andre gode varer. Borna får snekre, leike med kvernkall, plaske i dammen og helse på dyr.

Etter opplevingane ved Sagedammen ruslar vi opp i Ulvedalstunet, der vi i natur-amfiet ”Lunden” får møte Jakob i Uluedall frå 1563. Han var den første mannen på Ulvedal etter Svartedauen – i alle fall den første bureisaren som er registret her. Vidare får vi møte fleire personar i ættesoga, i eit historisk rollespel om den 450 år gamle ættegarden Ulvedal som er sentrum for all den fantastiske kulturen som ligg her. Musikklaget ”Fjelljom” er på plass, både som ”buskspelarar” under marsjen til tunet, og som kulturmusikarar i Lunden.

Brøda er klare til steiking © Oddvin AlmenningKulturparken Sagedammen er sentrum for første delen av kuturdagen, her skal alt vere i drift under arrangementet:
- Gamal restaurert oppgangssag m/overvasshjul
- Eldhus med grue, bakaromn og tørke/steikehelle.
- Gamal smie m/ belg og klebersteinsesse (nytt klenodium av året)
- ”Kulturhuset” ”Høvleriet” med mellomtids saganlegg, gamal høvlemaskin, betent svarvstol, mjølkeseparator, galleri/målarverkstad, skomakerverkstad, landhandel (tru kopi av O. R. Nyberg, Fjelli), slektsgranskar, med meir.


Kulturdagen 2001: Kvernhusdalen 4 © Oddvin AlmenningElles under kulturdagen kan du oppleve Vetestova, Baggehola, Kvennhusdalen m/6 restaurerte kvernhus på rekke og rad og tjærehjell i drivverdig stand.

Landhandelen og kjøkenet anno 1920
Innreiing og utstyr/varer er henta frå den gamle butikken O.R.Nyberg landhandel på Fjelli. Sal av nysteikt brød frå bakaromnen og heimelaga godteri.
Det vert smaksprøvar og sal av nysteikt skjeve frå bakaromnen.

Sal av rømegraut og tradisjonsmat.

Vel møtt til ein aktiv familiedag!

For meir informasjon om kulturtilbodet på Nordsida klikk her!
(Sist oppdatert 06.juli 2007, 13:01)

Gå til nyhendearkiv