• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Panoramamarsjen ein suksess!

Av Svein Arild Bergset

Panoramamarsjen vart avvikla for første gong søndag 19. august. Trass dårleg vér med hustrigt regn og skodde møtte 108 personar til start og fekk oppleve natur, historie og kultur. Nokre tok seg skikkelege langturar til stor åtgaum frå dei utan kondis.
Panoramamarsjen har som mål å verte eit årvisst arrangement som skal legge til rette for bruk og vedlikehald av stiar i fjellområdet langs Panoramavegen.

I år hadde arrangørane merka ein god del av dei gamle stiane i fjellet og laga eit løypenett med 19 postar som deltakarane kunne vitje. Utgangspunktet for marsjen var Nordfjord Fritidssenter. Løypene femna om eit stort område frå Bergset/Sølvbergs-berget i sør, Glitteregga i nordvest og Blåegga og Vetestova i aust. Deltakarane fekk poeng for kvar post dei rakk over. Desse poenga tek dei med seg til neste Panoramamarsj.

Det var óg lagt opp til guida turar til Sølvbergstøylen og til Roset-, Ulvedal- og Bergsetstøylen. På Sølvbergstøylen spela Arne Sølvberg fele med tilhøyrande tradisjonell støylsstemning. På Roset- og Begsetstøylen vart deltakarane invitert inn i sela der mellom anna Bergljot Sølvberg fortalde om støylslivet i gamle dagar.

Isak Bergset vitja alle 19 postane på 8 timar
Isak Bergset vitja alle 19 postane på 8 timar
Panoramamarsjen var ein del av Nordfjord Vandrefestival og det var óg Knax-leikar for borna. Trass det våte og kalde véret vart det eit flott arrangement med mykje gode tilbakemeldingar frå dei som var med.
Det bør óg nemnast at trass dei kalde og våte forholda var det ein person som klarte å kome seg rundt til alle dei 19 postane. Isak Bergset brukte omlag akkurat 8 timar på turen. Dette er ei bragd som det vil gå gjetord om lenge innad i Panoramamarsj-miljøet

(Sist oppdatert 20.august 2007, 13:17)

Gå til nyhendearkiv