• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Hyttebygginga er i gong på Nordfjord Fritidssenter

Av Nordfjord Fritidssenter

Arbeidet med hyttetomta starta opp den 16.august, og no er alt hytta på plass. Og om 14 dagar er ho innflyttingsklar.
Det var mykje meir arbeid med tomta enn vi trudde. Vi måtte fylle to meter med stein ned i myra. Ola Ødegård har teke seg av grunnarbeidet. Vi satsa på ei modulhytte frå Vigrahytta. Modulane vart bygde ferdig på fabrikken på Vigra og transportert ned til oss. Det var så vidt transporten kom gjennom tunnelane frå Eid til Hennebygda, men det gjekk! Måndag den 23.august var Kåre Bøe på plass med alle arbeidsfolka sine og dei fekk sett opp ringmurselement og støypt på ein dag! Torsdag den 26.august vart modulane heiste på plass på ringmuren.

No går 4-5 mann og jobbar i bygget med å plate golv, veggar og tak. Elektrikar frå Stryn Elektro og røyrleggar Kr. A. Vik er på plass for å installere det som trengs. Forhåpentlegvis klarar Pretre å produsere takstolane denne veka, slik at dei også kjem på plass snart. Om 14 dagar reknar vi med at hytta er innflyttingsklar.

Hytta får 3 soverom med 4 sengar på kvart rom. Vi kryssar fingrane og gledar oss!

Klikk her for å sjå bilete frå bygginga!
(Sist oppdatert 31.august 2010, 13:27)

Gå til nyhendearkiv