• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Kulturdag på Nordsida

”Borna sin kulturdag”

Vi markerer Torbjørn Egners 100-årsjubileum. Mange aktivitetar for born og ungdom. Barnehagar og skular stiller ut kunst og prosjekt.

Salsutstilling av handverk, måleri på stein og brukskunst. Transport med veteranbil til dei 7 restaurerte kvernhusa. Landhandel, smie, brød-baking, oppgangssag, Hesteskokastivalen m.m.
Og god mat!
I år vert barna i sentrum under kulturdagen. Vi markerer Torbjørn Egners 100-årsjubileum og det er mange aktivitetar for barn og ungdom rundt Sagedammen denne dagen. I Høvleriet har barnehagar og skular kunstutstilling, det vert salgsutstilling av handverk, maleri på stein og diverse brukskunst.

Og så vert det sjølvsagt råd å kjøpe både heimelaga snop, rømmegraut og steinovnsbakte brød m.m.

For dei som har lyst å besøkje Kvernhusdalen med dei 7 restaurerte kvernhusa, og ikkje vil gå, vert det transport med veteranbil frå Sagedammen.

Elles er det saging på oppgangssag, smie, biblioteket, landhandelen og det ”gamle kjøkkenet” – ”Sageprammen” fraktar store og små, kvennakallane går og trebåtane ligg klar i ”Nordfjorden”.

Program:
Kl. 12.00 -13.00 Myldretid der folk kjem og kan få mat og delta på aktivitetar.
Kl. 13.00 Opning. Praktisk info og annonsering om saging og påmelding av hesteskokastival.
Kl. 13.15 - 13.45 Saging på oppgangsag
Kl. 14.00 - 14.30 Program
Kl. 14.30 Hesteskokastival
Kl. 15.00 - 16.30 Skyss med gamal bil opp til Demmene

Program for borna:
Dramatisering og song av Torbjørn Egner sin mangfaldige produksjon. Her treff barna kjente figurar og historier på ein ”litt annan” måte.

Meir om aktivitetane
Salg og utstilling av handverk og kunst av ulke slag i kjellaren på Høvleriet.
Skulane/ barnehagane i Blakset, på Rand og i Oppstryn stiller ut barnekunst på same plass.
”Gamlebutikken” sel snop, t-skjorter, Sagedrammen (brus), kort, blad og hefter med gamle og humoristiske ord og uttrykk og diverse anna.
Borna får lage seg skinnpungar i skomakarverkstaden.
Smia vert bemanna.
Saging på Oppgangsaga.
Borna kan få velge mellom ulike aktivitetar: ”Neverkrussedullar”, steintroll og måleri på stein. Steike seg glohopper. Kvennakallane går. Leik m/båtar på Nordfjorden. Det vert ikkje laging av nye båtar i år, men dersom dei har med seg tjukk og tørr never, er der vaksne som kan hjelpe dei med å lage neverbåtar slik det vart gjort i gamle dagar.
Filmar av Torbjørn Egner rullar og går på Biblioteket.
Sageprammen fraktar fram og attende. Redningsvestar vert å låne.
Laging av bjørkeris-sovlar.
Hesteskokastival - meld dykk på når de kjem!
Veteranbil fraktar folk til og frå Kvennhusdalen (startar på parkeringsplassen). Billettar på staden.

Mat:
Rømmegraut m/tilbehør, sveler og diverse mat/drikke.
4H sel pølse med brød.
”Det gamle kjøken” sel skjevemat med tradisjonelt pålegg.
Sal av omnsbaka brød.
(Sist oppdatert 05.juli 2012, 19:45)

Gå til nyhendearkiv