• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Panoramamarsjen 2012

Panoramamarsjen er tilbake! Søndag 26. august er det duka for alle friluftsglade til å vere med på å nyte frisk luft og flott utsikt. Kom og bli med på turar i Panoramaheimen!
Guida turar
  • 5-støylstur: Rosetstøylen – Ulvedalsstøylen - Bergsetstøylen - Indre Sølvbergstøylen – Sølvbergstøylen.
    Lett tur, ca 3 timar.
    Start kl 11.00
  • Rosetstøylen – Bergsetnakkjen – Heida – Bergsetstøylen.
    Middels lett tur, ca 5 timar.
    Start kl 11.00
  • Ekstremtur – 5 toppar: Bergsetnakkjen (1133) – Blåeggja (1049) – Holmøyskareggja (1064) - Glitreggja (1207) – Heida (994).
    Start kl 09.00


Barnearrangement
I gapahuken ved senteret kl 11.00. Grilling og aktivitetar.

Eller du kan velje mellom fleire alternative ruter. Stiane/rutene er godt merka og det er plassert ut postar der du klipper i startkortet ditt. Dette gjev poeng som du samlar opp frå år til år, og kan oppnå ulike utmerkingar. Start etter eige ønskje frå kl 09.00.

Startkontingent
vaksne kr 100
barn kr 50
familie kr 250
kart kr 30

God plass til parkering, og du kan få kjøpt heimelaga middag etterpå.
(Sist oppdatert 24.august 2012, 18:39)

Gå til nyhendearkiv