• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Gratis ved

Sagehaugen på Bergset

Av Styret

Løyve til å ta ut gratis ved
Kommunen har som kjent opparbeidd nye tomter i Sagehaugen på Bergset. Etter oppmoding har styret i Nordsida Utviklingslag teke kontakt med Stryn kommune om å få ta vekk skog og kratt i feltet slik at det kan presentere seg på ein betre måte. Slik det no er, står det m.a. ein god del granskog m.m. Vi meiner tomtane vert meir attraktive om vi får vekk dette.
Vi har no fått løyve frå teknisk etat.
Det vil seie at dei som ønskjer kan ta ut ved/tømmer slik:
1. Ta bort grantre, kratt o.l.
2. Furutre, einer og bjørk skal ikkje fjernast. Vurder om der er andre fine tre som bør få stå.
3. Greiner o.l. skal leggast i dungar på høvelege stader.
Dette er gratis. Det er ikkje forbod mot å selje vidare som ved eller tømmer. Pass på at du ikkje kjem inn på andre eigarar sin grunn.
Utviklingslaget ønskjer at det vert teke ut så snart som råd. Hugs at målet er å gjere området attraktivt slik at fleire kan tenkje seg å byggje der.

Viss du har spørsmål så kan du ta kontakt med ein av oss i styret for Nordsida Utviklingslag
(Sist oppdatert 04.februar 2010, 16:11)

Gå til nyhendearkiv