• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Nordsida sokneråd - Nyhende

40 års feiring av Nordsida kyrkje

Av Festkomiteen

I desember i år feirar Nordsida kyrkje 40 år og kyrkjelyden ynskjer å markere dette med ei helg med feiring.
Det vert festkveld laurdag 7. desember kl 1500 og festgudsteneste søndag 8. desember kl 1100
Nordsida kyrkjePå laurdagen vert det tilbakeblikk gjennom desse førti åra på aktivitetane til den aktive kyrkjelyden på Nordsida. Kyrkjelyden har hatt og har eit aktivt barnearbeid ma. eit barnegospel kor og eit aktivt seniortreff som har utarbeidd fleire hefter med historier og ord og uttrykk frå Nordsida. Og så er vi sjølvsagt stolte over eit prosjekt som har vorte landsomfattande, nemleg teiknebrettprosjektet som soknerådet har gjennomført saman med ein av våre lokale kunstnarar, Magne Kristiansen, han har teikna alle teikningane i prosjektet.
Vi får presentert eit historisk attersyn «Bygging og vigslinga av kyrkja» av ein som har vore med sidan planlegginga starta på 1960-talet, Alv Bergset. Alv vil komme inn på dramatikken som oppstod då køyreforbodet vart innført under oljekrisa, dette skjedde på same tid som kyrkja skulle vigslast.
Vi får besøk av ein av gamleprestane våre, Øystein Frivold, som vil synge og fortelje litt. Vi har også vår lokale landskjende spelemann, Arne Sølvberg, som vil fortelje om og spele dei slåttane han har skreve og urframført til bruk i kyrkja ved barnedåp, konfirmasjon mm. Vi vil også få presentert vår nye prosesjonskross, som skal brukast fyrste gong i prosesjonen på søndag. Og naturlegvis på ein festkveld vert det servert varm gryterett.
I festgudstenesta på søndag vil Jon Ytrehorn vere liturg og prost Rolf Schanke Eikum vil halde preika. Nordsida barnegospel vil delta, det same vil Frostskoddekoret gjere. Og ved bursdagsfeiring må vi ha blautkake til kyrkjekaffien.
Vi ynskjer alle, både frå kyrkjelyden og andre, hjarteleg velkomne til kyrkja på desse to festdagane!
Helsing frå
Nordsida soknerådet
40 års feiring av Nordsida kyrkje
vigsla søndag 9. desember 1973

(Sist oppdatert 01.desember 2013, 21:48)

Gå til nyhendearkiv