• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Nordsida sokneråd - Nyhende

Utdeling av gaver til 2 – 3 åringene i Nordsida kyrkje

Av Rune Berglid

Søndag 15. februar kl. 11:00 er det karnevalsgudsteneste i Nordsida kyrkje. Foreldre med barn født i 2012 og 2013 ynskjer spesielt velkommen denne søndagen.

Det vil bli utdelt bønebilete til 2 åringene og cd til 3 åringane

Vi ynskjer også søsken, fadderar og besteforeldre hjarteleg velkommen!


Kyrkjelyden håper dåpshelsingane kan vere til glede for borna og til hjelp for dykk foreldre i den viktige oppgåva de gjer i trusopplæringa for borna dykkar.

Når borna er 1 år får foreldra ei lita brosjyre laga om 1-årsdagen for dåp.

Når borna er 2 år får dei eit bilete i ramme som er klart til å henge over senga til barnet. Bildet er teikna av Magne Kristiansen. Vi vonar det kan vere ei hjelp for å kome i gang med fast kveldsbøn saman med barnet. Kveldskos og kveldsbøn er verdifulle vanar å få med seg

Når barnet er 3 år får det ein CD med barnesongar.

Bakgrunnen for desse gåvene er at Nordsida sokneråd har vedteke ei Trusopplæringsplan, der ulike tiltak inngår for å gje borna den opplæringa dei har krav på som døypte barn. Planen viser ulike tiltak der borna får møte kyrkjelege tilsette og der dei får besøke kyrkja og lære om symbol, ritual, songar, bøner og andre ting som har med den kristne tru å gjere.


(Sist oppdatert 07.februar 2015, 21:52)

Gå til nyhendearkiv