• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Nordsida sokneråd - Nyhende

Karnevalsgudsteneste i Nordsida kyrkje 15 februar 2015 kl.11:00

Av Rune Berglid

Søndag før faste blir også kalla Fastelavnssøndag. I mange land er dette tida for karneval.
Tema er "vennskap".
karnevalsgudsteneste
















Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi, og årsmøte

Sju grunnar til å invitere til karnevalsgudsteneste:

Karneval er i ferd med å bli ein del av barnekulturen.
Karneval har røter i kristen tradisjon.
Karneval og fastelavn høyrer saman.
Karneval er skaparevne og skaparglede.
Karneval er fargerikt fellesskap.
Karneval kan på nytt bli overgang til fastetid.
Karneval kan bli ein fantasifull port til givarglede.

Vennskapstankar:

Gje meg handa, la oss saman
slå ein ring omkring vår jord,
og la vennskapstankar gå til
aust og vest og sør og nord!
Vennskapstankar er så varme,
vennskapstankar skaper fred.
Når vi går med vennskapstankar,
har vi gode gåver med.

(Sist oppdatert 07.februar 2015, 23:16)

Gå til nyhendearkiv