• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Kultur og historie

Djuvstein
Djuvstein
Ei vakker perle på Hopland.
Langs Panoramavegen (Rv 613) finn ein mange natur- og kulturhistoriske attraksjonar. Dei fleste er lett tilgjengelege. Under finn du kort beskrivelse av dei viktigaste.

Kulturløypene
På Ulvedal og i Randabygda har ein kulturløyper der du kan gå på eiga hand, og oppleve historia i notida.
Kulturløypa på Ulvedal
Kulturløypa Hammerstunet-Tvinna

Vetestova
På denne staden har bøndene i bygda vakta veten i fleire hundre år. Stova har truleg stått som no i omlag 1000 år. Håkon den gode (konge 945-961) har fått æra av utbygginga av vetesystemet i landet, sjølv om det også før denne tid vart bygd veter som sende signal. Les meir

Sagedammen
Sagedammen er ofte brukt som utgongspunkt for Kulturløypa på Ulvedal. Rundt Sagedammen ligg 2 gamle sagbruk og eit overvasshjul. Sagedammen var i tidlegare tider oppdemt med trestokkar og brukt til vassreservoar til overvasshjulet. Det er også lagt til rette med stiar og bruer så området skal vere godt å ferdast i. Det er også lagt til rette for bading og fisking. Les meir

Kvernhusdalen
Denne vesle elva heiter Ulva. Alle dei 7 kvernhusa som opprinneleg stod her er restaurerte og oppattbygde. Det er få stader ein finn så mange kvernhus lokaliserte så nær einannan. Les meir

Jevnlid Gardsmuseum
På garden Jevnlid på Fjelli finn du eit flott gardsmuseum. Ring for avtale. Tel. 57 87 55 68.

Helleristningane i Hennebygda
På Ytre Henden er helleristningar frå bronsealderen. Desse fortel mykje om livet her for 3000 år sidan. Det er og to andre kjende helleristningsfelt i bygda, men desse er frå jernalderen (500 f.Kr. - 550). Arkeologane trur det vil bli funne liknande helleristningar langs Gloppefjorden.

Støylane
Støylane er ein viktig del av livet på bygda. No er støylane for det meste til fritidsbruk, men enda fins det støylar som er i drift. Og viss du likar å gå i fjellet kan du gå frå støyl til støyl langs heile Nordsida.