Kulturløypa på Ulvedal

Kulturdagen 2001: Sagedammen © Oddvin AlmenningKulturløypa tek deg med gjennom fin natur til mange interessante attraksjonar. Kulturløypa på Ulvedal er ei rundløype på ca 2,5 km som går gjennom lett skogsterreng med moderat stigning. Her er ein innom mange av dei kulturhistoriske attraksjonane på Ulvedal. På sommarstid vil ein guide ta med grupper og fortelje om historiene som ligg bak attraksjonane.

Attraksjonane som blir besøkt er: Kvernhusdalen, Vetestova, Sagedammen, Tjærehjellen og husmannsplassen Rabben. På sidene til kvar attraksjon kan ein lese meir om historia bak, og mykje om livet på gardane før i tida.

Vetestova © Svein Arild BergsetVetestova
Vetestova er ei tusen år gammal vakthytte frå det gamle vetesystemet. Den er den einaste i sitt slag som står på sin opprinnelege plass. På denne staden har bøndene i bygda vakta veten i fleire hundre år. Håkon den gode (konge 945-961) har fått æra av utbygginga av vetesystemet i landet, sjølv om det også før denne tid vart bygd veter som sende signal. Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte, og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover i landet. Her på Ulvedal hadde dei som oppgåve å halde auge med veten på Dimma i Gloppen. Når røyk og eld steig opp frå Dimma, vart bålet kveikt her på denne haugen. Dermed gjekk meldinga til Bergsida ved Stryn og vidare derifrå. Etter den tids målestokk var dette ei effektiv meldeteneste som gjekk langt snøggare enn fienden kunne ta seg fram. Meldinga om ufred gjekk frå sør til nord i landet på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800-1000 vetestader.

Kvernhus i KvernhusdalenKvernhusdalen
Ved elva Ulva ligg 7 nyrestaurerte kvernhus som fortel om kornproduksjon i farne tider. Det er idyllisk i den fredelege Kvernhusdalen

Demmene
Ulva renn ut frå Demmene som ligg rett ovanfor det øvste kvernhuset. Eit idyllisk vatn som er senter for rekreasjon for mange.
Bilder frå Ulvedalsdemmene

Sagedammen
Sagedammen - tribuner og sceneplass © Kristian Solvang
Sagedammen - tribuner og sceneplass
Kristian Solvang
Sagedammen og miljøet rundt har blitt ein levande kulturpark dei siste åra. Her møtes fastbuande og turistar, og det er plass til alle. Her kan ein bade, grille og kose seg. Ein gang i året blir det arrangert kulturdag og her er plass til å arrangere både spel og konsertar. Dette spesielle sagbruksmiljøet består av eit vassreservoar (restaurert 1997-98), oppgangssag (restaurert 1997-99), overvasshjul og Ulva Sag og Høvleri. På 2000-talet har det også kome til ei smie, eit eldhus med steinovn, utedo og badedam med form av innerste del av Nordfjorden. Også "kabelferja" Sageprammen er komen på plass på Sagedammen. Også høvleriet er blitt restaurert og i eit påbygg vendt mot vegen finn ein toalettfasiliteter. I 2014 vart det bygd tribuneanlegg med plass til over 600 personer ved Sagedammen. Dette gjer Sagedammen til "det største konsertlokalet" i Stryn!

Kulturdagen 2001: Rabben © Oddvin AlmenningHusmannsplassen Rabben
Husmannssystemet var i eldre tider ofte den einaste måten for folk å livberge seg på. Rabben er ein slik husmannsplass som skriv seg frå tidleg på 1800-talet.

Tjærehjellen
For å skaffe seg tjære til impregnering av trematerialar, seletøy ol, vart det bygt tjærehjellar. Tjærehjellen på Ulvedal er nyrestaurert.

Baggehola
Helje Bagge var ein lovlaus som i middelalderen gøymde seg i Baggehola for å overleve. Soga seier at under eit ting på Heggdal i Innvik, tidleg på 1500-talet, vart ein fut klemd i hel mellom veggen i tingstova og ei stor steinhelle som var bruka som tingbord. Drapsmannen heitte Helje Bagge. Han rømde og gøymde seg i ei hole i Ulvedalsfjellet, og der budde han i tre år. Kona hans rodde over fjorden i løynd og sytte for at han fekk mat som vart lagt på avtalt stad. Helje skulle verte løyst frå si fredløyse om han ville dra til Selje og drepa ein ugjerningsmann som løynde seg i Selje kloster. Helje drog saman med sonen sin og drap denne mannen og vart så fri mann. Fram til midten av dette århundre var det ingen som hadde funne fjellhola som vart fortalt om i denne mange hundre år gamle segna. Etter at ho vart funnen er det bygt trapper og stigar som gjer det mogeleg for alle å sjå hola og det ville fjellet rundt.