Vetestova

Vetestova © Svein Arild Bergset
denne staden har bøndene i bygda vakta veten i fleire hundre år. Stova har truleg stått som no i omlag 1000 år. Håkon den gode (konge 945-961) har fått æra av utbygginga av vetesystemet i landet, sjølv om det også før denne tid vart bygd veter som sende signal.

Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte, og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover i landet. Her på Ulvedal hadde dei som oppgåve å halde auge med veten på Dimma i Gloppen. Når røyk og eld steig opp frå Dimma, vart bålet kveikt her på denne haugen. Dermed gjekk meldinga til Bergsida ved Stryn og vidare derifrå. Etter den tids målestokk var dette ei effektiv meldeteneste som gjekk langt snøggare enn fienden kunne ta seg fram. Meldinga om ufred gjekk frå sør til nord i landet på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800-1000 vetestader.

Vetestova er ein del av kulturløypa på Ulvedal.

Bruk av eld- og røyksignal i eldre tider
Å bruke eld og røyk som varsel om ymse ting har vore kjent nær sagt over heile verda, og går langt tilbake i tid. Dette var lenge den einaste måten å sende signal over lange avstandar når tida var knapp.

I Noreg har varsling om ufred ved hjelp av eldsignal vore brukt tidleg. Når ein oppdaga at fiendar var på veg og ville trengje seg inn, kveikte ein bål som vart observerte av folk som budde lenger uinna. Desse kveikte på nye bål som varsla vidare. Såleis gjekk bodet om ufred frå stad til stad. Folk fekk vite om at no var det fare på ferde, og dei kunne førebu seg på denne situasjonen. Jamvel om det er Håkon den gode (konge 945-961) som har fått æra av å byggje ut vetesystemet i landet, veit ein at det var bygt vetar som sende signal - frå den eine og til den andre - mange stader før hans tid. Det er m.a. nemnt at i kong Hertjov av Hordaland sine dagar vart det bygt vetar i riket hans, noko etter år 650 e. Kr.

"Noregs-nettet"
Kong Håkon den gode sette vetebygginga i system. Frå svenskegrensa i sør til Finnmark vart det bygt ei hovudrekkje med vetar langs kysten. Ut frå denne kystrekkja gjekk det sidegreiner inn gjennom fjordar og opp igjennom dalar med vetar som varsla kvarandre. Heile landet var godt dekt av dette varslingssystemet. Vetane var plasserte på fjelltoppar eller høgder som låg strategisk til, og som hadde fri sikt til dei vetane dei skulle stå i samband med. I tillegg til denne varslinga vart bodstikker sende rundt, "fra Grande (granne) til nærmeste Grande", som Edvard Storm skriv i Sinclair-visa. På denne måten fekk alle vite at no var det kome ufred til landet, og at dei måtte bu seg til forsvar.

Eit godt varslingssystem
Meldinga om ufred gjekk frå sør til nord i landet på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800 - 1000 vetestader. Dette gjekk snarare enn nokon fiende eller inntrengjar kunne kome seg fram, og det gav såleis folk høve til å mobilisere eller treffe andre tiltak for å møte faren.

Systemet i ei sidegrein - Nordfjord
Når ein er ser på plasseringa av vetane i Nordfjord, er det tydeleg at desse plasseringane er vel gjennomtenkte, og det er valt strategiske stader som gjorde det lett for signala å kome fram på ein effektiv og snar måte.

Det er verd å merke seg at sendarar/omformarar for bruk innan telekommunikasjon og ulike sambandssystem, svært ofte vert plasserte på eller nær stader der det før var vetar.

Vakthaldet ved vetane
Folk i områda rundt vetane hadde plikt til å halde vakt på vetestadane, når det var fare for ufred og krig i landet. Straffene for dei som ikkje gjorde pliktene sine ned vakthaldet, var strenge. Det var t.d. straffbart å ikkje møte fram til vakthald når ein var innkalla, å sovne på vakta, eller gje feilmeldingar, t.d. ved å varsle når det ikkje var krigsskip men handelsskip dei såg. Lovene frå denne tida, m.a. Gulatingslova og Magnus Lagabøter si landslov, omtalar dette. Mindre brot på lovene vart straffa med bøter, men for meir alvorlege brot var straffa ofte å verte "lyst utlegd", eller fredlaus som det heitte seinare. Ein som vart lyst utlegd, kunne få att retten til å bu i landet om han kom med ei sannferdig melding om at fiendestyrkar var på veg til landet.

Namnet vete
I dag vert varde ofte brukt som namn på desse varselbåla. Ser ein dette i ein historisk samanheng, er dette feil. Vardar er oppmura av stein, og slike finn ein på dei fleste fjelltoppane. Det gammalnorske ordet på varselbålet er vete eller viti, som så har vorte avleidd etter ulike dialekter til ulike former. Mange namn på gamle vetestader fortel om dette. Døme på dette er Vettakollen i Oslo, Videheia på Sørlandet, Vottafjell i Selbu i Trøndelag o.m.fl. Mange stader i Sogn og Fjordane finn ein ordet vete i stadnamn.

Orda "viti vørdr" som er brukt i dei gamle norske lovene, tyder vete-vakt. Då dette skulle omsetjast og innarbeidast i Kristian den 4. si landslov, vart det feil omsett til "ved-varder", avdi det var liten kjennskap til gammalnorsk hos omsetjarane, og kanskje fordi desse to begrepa likna kvarandre. Med full rett kan difor ordet varde brukt i denne sainanhengen, kallast for eit misfoster. Vete, eller ei anna dialektform av dette, er einaste rette namnet på varselbålet.

Vetestovene
I Magnus Lagabøter si landslov kom det pålegg om å byggje opphaldsrom for vetevakta. Dette pålegget vart oftast løyst ved at det vart bygt eigne hus eller stover. På Ulvedal finn ein den einaste originale vetestova i landet som står på sin opphavlege plass. Det er ei original vetestove til her i landet, men ho er flytt til Sogn Folkemuseum.

Vetestova på Ulvedal er bygd av tømmer, med døropning i vestveggen og gluggar i dei andre veggane. Ho er 2,70 m lang og har same breidda. Høgda er 1,80 m. Stova har sikkert hatt same storleik og skap sidan ho var bygd. Vedlikehaldet har truleg gått for seg ved ei gradvis utskifting av dårlege stokkar. Ein av stokkane som det er innsendt prøve av, er meir enn 500 år gammal. Stova har truleg stått som no i om lag 1000 år.