• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Kulturløypa Hammerstunet - Tvinna

Hammerstunet
Dette er ein gammal gard i Randabygda med bygningar som viser byggjestil og levemåte i eldre tid. Bygningane er frå 1805-ca 1900. Det kom folk til denne garden tidleg på 1600-talet. Matstova brukte dei til å koke i på sommaren. Nystova med loft (1850) blei brukt til gjestestove. Gamlestova (1805) var bustadhus i 100 år. Stabburet og dei andre husa er tømrahus. Vedhuset er bygd i grindverk. Til garden Hammer er det i alt 19 hus, med støyl, naust, kvernhus, sag, smie, gardfjøs, uteløe og tunhusa.

Våningshus (1905)
Matstova brukte dei til å koke i på sommaren.
Nystova med loft (1850) blei brukt til gjestestove.
Gamlestova (1805) var bustadhus i 100 år.
Stabburet og dei andre husa er tømrahus.
Vedhuset er bygd i grindverk.
Lade (1890).

Til garden Hammer er det i alt 19 hus, med støyl, naust kvernhus, sag, smie, gardfjøs, uteløe og tunhusa. Alle tunhusa er bygd i furutømmer frå Randaskogane, som ligg på andre sida av fjellet ved Hornindalsvatnet, ca ei dagsreise med hest og lass.

Tvinnefossen
TvinnefossenDu kan gå under Tvinnefossen og sjå dei vakre fargane som blenkjer i den ville fossen. Namnet kjem av at elva eit langt stykke fossar eller kvervlar rundt, som når ein tvinnar garn. Det vert sagt at dette er den einaste fossen i Nord-Europa der folk og dyr kan passére under sjølve fossefallet. Under fossen gjekk veg ned til fjorden. Her hadde bøndene frukt, dei plukka nøtter, fann materiale til tau, (lindetrea) og tønneband (hasselskog), og her var godt beite til sau og hest. Soga fortel at to menn har falle utfor og slege seg i hel i det bratte og ulendte terrenget som stien går i. Vegen fram til Tvinnefossen er lett tilgjengeleg.

Tvinnekråa
Ved utløpet av elva Tvinna vart dette sagbruket bygt. Her vart det laga ulike produkt som var viktige i det daglege livet før i tida. Tvinnekråa høyrer til garden Hammer. Her var fyrst tenkt å byggje kraftverk, men dette blei eigaren rådd i frå. Bandsaga blei teken i bruk i 1920. Her blei det produsert ferdige tynner, tynnestavar og tynneband. Det var om våren fram mot jonsok og om hausten der var nok vatn til drift av saga. I 1947 var Tvinna svært lita, og det vert fortalt at det berre var nok vatn til å koke ein kopp kaffi. Kvernhuset er bygd i 1928 (inneheld kvernstein og tørkehelle). I 1928 kom det straum til bygda og då vart bandsaga flytta opp i Hammerstunet. Sirkelsaga vart sett opp i Tvinnekråa same år, då blei her tradisjonell sagbruksdrift. Saga blei sist saga på i 1952-53.

Nykvia
Dette er ei samling av løer, gardfjøsar og beite på Hopland der dyra var ei stund før dei kunne gje seg i veg til fjellbeitet om våren.