• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Aktivitetar

Sagetindane © Jostein Rindal
Fjellturar og vandring
Fjella på nordsida av Nordfjorden er populære turmål. Toppar som Bergsetnakken, Glittereggja og Blåeggja er kjende for den flotte panoramautsikta over fjell og fjord. For dei som heller kan tenkje seg å gå lette turar kan vi anbefale kulturløypene eller eit besøk på ei av dei mange sætrane våre. Les meir


Vinter og ski
Vinterstid er det eit godt utbygd løypenett, med utgongspunkt frå Nordfjord Fritidssenter, til støylane i nærleiken og til Nosakleiva. Nosakleiva er eit av dei flottaste utsiktspunkt på heile Vestlandet, og er rimeleg enkelt å kome til på ski. Løypene er oppkøyrde i vintersesongen og ypparlege for familieturar. Det går lysløype ut frå senteret. På You Tube kan du også sjå lokale ungdomar som har det artig på kjelke.


På SølvbergstøylenRiding
Tobbastallen på Fjelli tilbyr riding. Dei tilbyr eit allsidig tilbod med hest basert på den allsidige, solide og venlege fjordingen. Les meir her

Sykling


Fiske


Paintball
Broken Balls tilbyr paintball utleige for folk og grupper i alle storleikar. Les meir