Tvinnefossen

TvinnefossenNamnet kjem av at elva eit langt stykke fossar eller kvervlar rundt, som når ein tvinnar garn. Det vert sagt at dette er den einaste fossen i Nord- Europa der folk og dyr kan passére under sjølve fossefallet. Under fossen gjekk veg ned til fjorden. Her hadde bøndene frukt, dei plukka nøtter, fann materiale til tau, (lindetrea) og tønneband (hasselskog), og her var godt beite til sau og hest. Soga fortel at to menn har falle utfor og slege seg i hel i det bratte og ulendte terrenget som stien går i.

Vegen fram til Tvinnefossen er lett tilgjengeleg. Parkering ved skulen.