• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Naturen

Nordfjord Panorama, Utsikt frå Nos © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord NorgeNos
På utsiktspunktet ved Nos får du eit fantastisk utsyn over Nordfjorden og bygdene Randabygda og Hopland. Utsiktspunktet på Nos ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett ned i fjorden. Ein får også eit inntrykk av dei bratte bygdene Hopland og Randabygda. Utsiktspunktet ligg nær hovudvegen og er enkelt tilgjengeleg. På vinterstid går det skiløype frå Nordfjord Fritidssenter til Nosakleiva, som ligg litt høgare og med like fin utsikt.

Tvinnefossen
Ein kan gå bak denne fossen og sjå Nordfjorden gjennom vassmassane. I gamle dagar frakta ein husdyr bak denne fossen, på veg ned til fjorden. Les meir